


Klokka: 13:35
Dato: 08/09/10
Treff: 732556 Unike: 75087 Online: 14 |
 |
| Program for Filmklubben,haust 2010 |
(06/09/10) |
 |
|
8. September - Alice i Eventyrland
15. September - A Night at Roxbury
22. september - Into the Wild
29. september - Den sjette sansen
6. oktober - The Boat That Rocked
13. oktober - Anchorman
20. oktober - Team America
27. oktober - Jeg, meg og Irene
3. november - Blues Brothers 2000
10. november - Down to Earth
17. november - Almost Famous
24. november - Vanilla Sky
1. desember - Crash
8. desember - The Nightmare Before Christmass
Medlemskap i filmklubben gjer fri tilgang til alle filmane hausten 2010.
Medlemskap kr. 50
På filmkveldar er Kaihuset kun ope for medlem av filmklubben.
|
| kurs i naturkosmetikk |
(06/09/10) |
 |
|
Ungdomsleiar Aurora Høegh-Omdal vil halde kurs i natur-kosmetikk på 2.høgda på KaiHuset i veke 40 (haustferien).
Påmelding: Du kan melde deg på i kiosken på Kaihuset
eller ta kontakt direkte til Aurora.
Alder: 13-18 år. Pris: Gratis.
Døme på naturkosmetikk ein kan lage sjølv:
Bodyscrub, hudkrem, ansiktsvann, mascara,
make-upfjernar, barberkrem, deodorant.
Det vil og bli eit kurs i såpestøyping i desember.
Ta kontakt om du er interessert.
|
| Laurdagsope 28.august for 8. og 9.klasse |
(24/08/10) |
 |
|
Vi held ope for dei nye 8.klassane frå kl 19-23. Det blir høve til å spele i internettkafeen, biljard, konkurransar osb. Inngong: 50,- kroner. 9 klasse er og velkomen denne kvelden.Arrangementet er sjølvsagt rusfritt!
|
| Kaihuset opnar dørane etter ferien |
(09/08/10) |
 |
|
Torsdag 19.august er fyrste opningsdag på Kaihuset etter sumaren, og me får besøk skabandet SKAM, frå Volda.
Opningstida er frå 18:00 - 22:00
Arrangementet er rusfritt
Inngong: kr 25,-
Konsertstart ca.kl 20:00
Det er ope for alle i alderen 8.klasse til 18 år.
SKAM er tilsamen åtte musikarar med opphav i ulike kyst og jordbruksmiljø, men med felles interesse i musikk og underhaldning. Dei har sidan eit feilslått “one night stand” hausten 2006 drive meir enn mindre aktiv musisering, med base i Volda. Det kan vel seiast at SKAM er eit resultat av den musikalske evolusjonen, der dei framstår som eit hybridband - ei blanding mellom ska, funk, pop, jazz og reggae. SKAM har sett seg leie på uengasjerte og livlause konsertar og går på scena i den tru at eit kvart publikum kan bli engasjert og lystent. Denne sommaren fekk til dømes Vinjerock og Moldejazz sine festivalgjengarar kjenne SKAM på kroppen. Konserten er ikkje gratis, det kostar omlag det same som ein cola å kome inn, men det kjem neppe til å ruinere nokon...
|
| Kulturlaurdag 5.juni |
(26/05/10) |
 |
|
Kulturavdelinga i Ørsta kommune inviterer føresatte og barn i barnehagealder til kulturoppleving og kafè på Kaihuset laurdag 5. juni kl 13.30-15.30. Andre vaksne og eldre barn er sjølvsagt og velkomen. Arrangementet er gratis. 
Program:
Kl 13:30 - 14:00 Konsert for små øyre på Kulturskulen (3.etg.) Inna Svendsen-Selyanina spelar fiolin og Brynhild Barstad piano.
Kl 14:00 - 15:30 Open kafé for heile familien i 1.etg (ungdomskafeen). Her blir det høve til å kjøpe mat og få seg ein kopp kaffi eller saft servert av ungdommane på huset.
Les meir
|
| Konsert måndag 10.mai |
(03/05/10) |
 |
|
Ziggy in the Sky frå Volda, ein funky trio med musikarar kjende frå SKAM og Fa...tty Sunroad, kjem måndag 10.mai til Kaihuset for å heise opp stemninga. Bandet består av Sigve "Ziggy" Kristoffersen på bass, Martin "Kugen" Sørvold på trommer og Øyvind "Hessenhoff" Hessen på vokal og gitar. Bandet spelar hardtslåande funk/diskorock, med energi og utstråling.
Ready for takeoff – måndag 10.mai kl. 20.00. Gratis inngang. Rusfritt arrangement
|
| Kaihuset på facebook |
(04/03/10) |
 |
|
Bli venn med Kaihuset du også, søk etter kaihuset på facebok og legg oss til som venn
|
| Trippelkonsert på Kaihuset laurdag 27.februar |
(19/02/10) |
 |
|
Laurdag 27.februar vert det konsert med tre band på Kaihuset, då vi får besøk av Trondheim Calling-turneen.
Trondheim Calling er lyden av musikkbyen Trondheim anno 2010 i form av 21 nye og spennende trønderske artister samlet på en og samme plate! Trondheim Calling er eit prosjekt sett i gong av ildsjeler og ressurspersonar innanfor musikklivet i Sør-Trøndelag, som ynskjer å syne fram den ferskaste ferskvara av nye trønderske artistar til omverda. Hovudmålsetninga for prosjektet er å bidra til å synleggjere nye trønderske talent for heile Noreg gjennom målretta tiltak der vi set unge og uetablerte artistar i spotlighten. Seinhausten 2009 plukka ein lokal musikkfagleg jury ut 21 låter på bakgrunn av over 120 innsendte demoar. 3 av artistane frå samleutgjevinga er plukka ut til å delta på ein profesjonell turne, der i overkant av 15 norske byar vert besøkte.
Dei tre er Soup, St. Helen og Gode Ord Dør Sist, og Trondheim Calling-leiinga kan fortelje dette om dei:
Les meir
|
| fylkesmønstringa UKM |
(18/02/10) |
 |
|
Kulturmønstringa 2010
Det var ein flott kulturmønstring i år med mange svært flinke deltakarar. Nokre var for unge til å kome vidare til fylkesmønstringa, men gav oss som var tilstade på lokalmønstringa i Ørsta ein litt svær oppleving, og vi vonar vi vil sjå meir til alle dei som deltok på lokalmønstringa i år! Deltakarane som går vidare til fylkesmønstring i Eidet kulturhall i Haram kommune 19-21 mars 2010 er Olav Telseth, Yertle the Turtle, Sigrid Terøy Finnes, Caseley, Synne Øye Myrvold og Vilde Hagen.
Takk til alle deltakarane som var med, og takk til crew, konferansierane og fotograf Marthe Sæbønes og Amanda Berkvik!! 
Her er utdrag frå juryen (Vidar Johan Vartdal, Bjarte Øvregård, Tone Rustestuen, Stina Lødemel og Monica Vatne Sørheim) sin vurdering av innslaga som skal vidare til fylkesmønstringa:
Les meir
|
| Filmklubb 10.02.2010 |
(04/02/10) |
 |
|
O Brother, Where Art Thou?
Regi: Joel Coen / Ethan Coen
Komedie
I Amerika på 1930-talet gjer fangen Everett Ulysses McGill og dei klønete makkarane Pete og Delmar ein snedig unådmanøver frå ein beinhardt fengsel i Mississippi. Med ingenting å tape og med loven hakk i hel, gjev dei seg ut på ei utruleg reise langs Amerikas støvete landevegar, der trioen konstant møter på galne og skeive eksistensar. Målet er å nå fram til Everetts hus, der pengar frå eit bankran ligg gøymt.
Filmen inneheld mykje god musikk; til dømes ”Man of Constant Sorrow”.
|
| Ungdommens Kulturmønstring 2010 |
(26/01/10) |
 |
|
Ungdomsleiaren har enno ein gong æra og gleda av å invitere publikum til Ungdommens Kulturmønstring på Kulturhuset i Ørsta. Søndag 7. februar er dagen då stolte foreldre, sysken, venner og alle som er interessert i ungdom og kultur må ta turen forbi Kulturhuset. For sjølv om vi veit det frå før, så vert vi mint på det igjen: det er utroleg mange talentfulle ungdommar i kommunen vår!
Vi har også ein glimrande jury som har den viktige oppgåva med å velje ut kva innslag som skal vidare til fylkesmønstringa i Haram frå 19-21.mars. Offentleggjering av kven som skal vidare til fylkesmønstringa skjer etter 19.februar. Ein enno viktigare oppgåve for juryen er å gje konstruktive tilbakemeldingar til alle deltakarane på lokalmønstringa. Alle deltakarane vil få diplom og tilbakemelding frå juryen sist i februar/byrjinga på mars.
Les meir
|
| Filmklubb onsdag 20. Januar kl. 18.30 |
(15/01/10) |
 |
|
SLEEPY HOLLOW
Grøsserkomedie
Regi: Tim Burton
Skodespelarar: Johnny Depp og Christina Ricci
Lengd: 1tim 41 min
Meisterforteljaren Tim Burton (Batman, Edward Saksehand) har regissert ein uhyggjeleg, fortryllande versjon av denne klassiske skrekkfilmen. Johnny Depp er Ichabod Crane, ein eksentrisk etterforskar som er fast bestemt på å stoppe den morderiske Hovudlause ryttaren. Christina Ricci er Katerina Van Tassel, den vakre og mystiske jenta med hemmelege band til den overnaturlege skrekken.
Ein må være medlem for å komme inn på Filmklubbens visningar. Medlemsskapet kostar 50 kroner, og gjev fri inngang til alle filmane resten av våren. Det blir vist to filmar kvar månad.
|
 Side: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14
|





Måndagar: 18.00 - 22.00
Onsdagar: 18.30 - 21.00
Torsdagar: 18.00 - 22.00
Crewmøte, husmøte m.m: onsdagar
Øvingsrom: måndagar og torsdagar klokka 17-22 evt. andre dagar etter avtale
|
 |