


Klokka: 13:43
Dato: 08/09/10
Treff: 732557 Unike: 75087 Online: 13 |
 |
| Diskotek: Bytt kjønn!! |
(12/09/07) |
 |
|
På årets første tema- disko blir det full kjønnsforvirring! Jentene kler seg ut som karar- og gutane kan for ein gongs skuld ta på seg kjole og mascara, utan anger... Beste gut/ jente- kostyme vert premiert.
Det vert full aktivitet på kjøkkenet- brownies og hamburger!!
Laurdag 15. september klokka 20- 24 er KaiHuset staden for ungdommar frå 8. klasse:-)
|
| Smykkeverkstad |
(05/09/07) |
 |
|
Har du lyst til å lage ditt eige smykke? Møt opp på 2.etasje på Kaihuset tysdag 11.september klokka 18-20 og få meir info
|
| Filmklubben |
(28/08/07) |
 |
|
Torsdag 30.08 startar me oppatt visningane i Ørsta Ungdomsfilmklubb. Klubben er open for alle frå 8. klasse og opp til 18 år. Medlemskap kostar 10,- kroner for eit halvt år, filmane er gratis.
Dagens film er " Metallica- some kind of monster", og blir vist kl. 19.00 her på KaiHuset.
|
| Kalendaren |
(28/08/07) |
 |
|
SORRY!!! Eg har gløymt å oppdatere kalenderen- det er no gjort... Skal prøve å verte flinkare med oppdateringar, hvis ikkje får de berre seie frå!
Helsing Jorunn, den angrande syndar.
|
| Diskotek |
(25/08/07) |
 |
|
Vi held fyrste diskotek etter sommarferien laurdag 25.august klokka 20-00. I laupet av kvelden vil vi syne lysbilete med aktivitetar og arrangement på Kaihuset i tida 2003 til 2007 på storskjerm. Aldersgrensa er ungdomsskulen og som alle andre arrangement på Kaihuset er det rusfri sone både inne og utafor huset! Cc kr. 50,-
|
| God sommar! |
(12/06/07) |
 |
|
Fyrste opningskveld etter sommarferien er tysdag 21 august kl 18-22! 
Nye aktivitetar i haust: smykkeverkstad og bygderadio!
Les meir
|
| Hawai/beachparty på KaiHuset |
(23/05/07) |
 |
|
KaiHuset har gleda av å invitere 7. og 8. klassene til konsert og diskotek laurdag 2.juni klokka 19-23. Verstskap for kvelden er ungdommar frå 8.klasse på Ørsta Ungdomsskule. Dei har satt saman ein festpakke dei kallar Hawai/Beach party med diskotek og konsert med ”Annanas and the Honululu Dudes”. Ungdommane har sjølv laga kulisser og effektar som skal skape den rette ”Hawai” stemninga. Det er fint om de vil ta på dykk noko Hawai/strandliknande klede, men de er sjølvsagt velkomne i ”normale” klede også, (men då går de glipp av høve til å vinne premie for flottaste Hawai Dude). I laupet av kvelden vert det og mogleg å vinne premie i ”spaghettikonkurransen” (et så mykje spaghetti som du kan på kort tid). Billettane koster kr. 50, og det er sjølvsagt rusfritt arrangement.
|
| KaiMønstring 2007 |
(09/05/07) |
 |
|
Laurdag 19.mai kl. 16-21 vert det stor konsertmønstring på Kaihuset. For dei som ikkje har vore på konsert enno i år, er dette konserten de må få med dykk!
Egil Olsen er hovudattraksjonen denne dagen, men vi har utruleg mykje anna godt frå Ørsta/Volda og omegn å traktere publikum med i tillegg til Olsen:
Planet of the Burning Birds, Svein Elling Dimmen, Haarek and The Carrys, Pinky Ray, Kim Helge Strømmen, A beast, Chasm, Exposed to Failure, The Professor of Funk Fuckers, Skinny Sweaty Men, Ingvil og Hallgrim og sist, men ikkje minst; Kofi Anna and the Honolulu Dudes.
Arrangementet er ope for folk i alle aldrar, og er sjølvsagt rusfritt!
Vi byr på 230 minutt rein speletid i alt og musikarane vil utfolde seg over tradisjonelle så vel som nye og ukjente sjangrar som: Hawaiisk funk, klassisk skit og stille svisker, bloddrypande melankolsk tungsinnrock på randa av juvet, elta saman med skrikande jammer og arge klagemål frå djupe grotter i Bjørkedalen, veldig vanleg hard rock, funkrock, progrock, mjuk rock og kvitrande punkrock frå djupaste leikung/ krokryggja hardrock frå høgaste høgda, psykologisk sommerfuglpop, melankolsk pop, rein pop og skiten pop....
|
| NATTOPE!! |
(11/04/07) |
 |
|
Det blir nattope på KaiHuset frå måndag 30. april klokka 19:00 til tysdag 1. mai klokka 07:00. Påmelding i kiosken på KaiHuset fram til tysdag 24. april. Aldersgrense: 8.klasse til 18 år. Pris: kr 80,- inkl. nattmat og frukost. Vi treng minimum 35 deltakarar for at arrangementet skal bli til noko, og har eit maksimum tal deltakarar på 80 personar. Påmeldingskjema her.
Les meir
|
| Jam torsdag 19. april |
(10/04/07) |
 |
|
Torsdag 19. april klokka 19 er det jam på Kaihuset.
Alle som har lyst til å spele må ta med instrument, så står scena klar.
|
| Filmkveld Torsdag 12. April "Fucking Åmål" |
(02/04/07) |
 |
|
|
"Fucking Åmål" handlar om nokre ungdomar i småbyen Åmål. Elin har rota med 70.000 gutar og tykkjer alt er kjedeleg og lengtar etter at noko skal skje. Elins storesyster Jessica synest Elin berre er umoden. Sjølv er Jessica saman med Markus som tykkjer han er tøffast i heile Åmål. Johan, som er kameraten til Markus, er forelska i Elin, men Elin tykkjer Markus er ein dust fordi han køyrer moped - sjølv om han går på gymnaset. Agnes er den mest einsame i heile verda. Og ho elskar ein viss person så mykje at hjarte nesten sprengast...
|
| Filmkveld Torsdag 22. Mars Austin Powers 2 |
(19/03/07) |
 |
|
Austin Powers 2 - Spionen som spermet meg
I oppfølgjaren til Austin Powers-Agenten som kom ut av frysaren, treff vi igjen Dr.Evil. Han har no reist attende til 60-tallet og stjelt Austin Powers "Mojo". Alle veit at ein mann og hans "Mojo" aldri må skillast, og Austin må derfor attende til det svingande 60-tallet å jakte. Hans mojo er livkrafta hans, hans sex-lyst, og dermed hemmeligheita bak hans suksess både blant damer og som ustoppelig spion. Jakten på verdas mest hyperaktive mojo er nødvendig for å hindre Dr. Evil i å øydelegge heile verda på 90-tallet
|
 Side: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14
|





Måndagar: 18.00 - 22.00
Onsdagar: 18.30 - 21.00
Torsdagar: 18.00 - 22.00
Crewmøte, husmøte m.m: onsdagar
Øvingsrom: måndagar og torsdagar klokka 17-22 evt. andre dagar etter avtale
|
 |