


Klokka: 13:37
Dato: 08/09/10
Treff: 732556 Unike: 75087 Online: 14 |
 |
| Siste opningskveld i ungdomskafeen før nyttår |
(05/12/07) |
 |
|
Torsdag 13. desember er siste opningskveld i ungdomskafeen i 2007, men for dykk som enno ikkje har fått ordna med julegåver er det ope i 2.etg. på smykkeverkstaden tysdag 18.desember frå klokka 18-20, med moglegheit for å halde ope litt lenger utover kvelden...
|
| Demokratisk julefilm... |
(03/12/07) |
 |
|
Siste filmklubb før nyttår blir torsdag 06.12. Som du kanskje har fått med deg, har me byrja med avstemming over kva filmar me skal ha... Og denne gongen har de bestemt at me atter skal sjå "Bad Santa":
Sjå for deg ein kjederøykande, spritdunstande alkoholikar med julenissedrakt og lerke på baklomma, og du er truleg ikkje i nærleiken av kor nedrig Billy Bob Thornton er i Bad Santa!
Det er vel trygt å sei at med Bad Santa har Terry Zwigoff laga nok ein kultklassiker og ein film som definitivt ikkje får deg i julestemning!
Filmen har 11 års- grense
Les meir
|
| Battle of the Bands på Kaihuset! |
(07/11/07) |
 |
|
Laurdag 17. November klokka 18-00 brakar det nok ein gong laus med ein ny ”Battle of the Bands” konkurranse på Kaihuset. 14 band har meldt seg på og skal kjempe om 3 flotte premiar
Les meir
|
| KaiHuset treng vikarar |
(31/10/07) |
 |
|
Til deg som kan jobbe på kveldstid etter behov. Du skal oftast arbeide som dørvakt/halde ro og orden på uteområdet.
Les meir
|
| Afterbirth og Professor of Funck Fuckers på Kaihuset |
(30/10/07) |
 |
|
Kaihuset har gleda av å invitere ungdommen (og dei over 18 er og velkomne denne kvelden) på gratis konsert med Afterbirth på Kaihuset torsdag 1.november. Oppvarmingsband blir POFF (The Professor of Funck Fuckers). Konserten startar klokka 19.30. Bandet er no på ein liten Noregsturne for å promotere albumet ”Make It Matter”, og skal spele blant anna på Inside Rock i Bergen, Garage i Oslo og Blæst i Trondheim der dei skal vere oppvarmingsband for japanske Electric Eelshock. Nedre aldersgrense er ungdomsskulen og arrangementet er sjølvsagt rusfritt – det vil seie null toleranse for rus!!!
Les meir
|
| JAM |
(17/10/07) |
 |
|
|
JAM på Kaia torsdag 25.oktober. Ta kontakt til musikkansvarleg Hans for påmelding: mobil 95 22 04 59.
|
| KaiHuset er OPE i haustferien!! |
(04/10/07) |
 |
|
KaiHuset har vanleg ope i haustferien, med disko laurdag 6., kveldsope med smykkeverkstad og ”guitarhero” tysdag, avisredaksjon og crewmøte onsdag, og konsert med Egil Olsen torsdag.
Elles er biljard, internettkafè, airhockey, dansematter, dansegolv, øvingsroma og kiosken tilgjengeleg som vanleg...
|
| Gratiskonsert: Egil Olsen |
(04/10/07) |
 |
|
Pressemelding KaiHuset
Torsdag 11.10. vert det konsert med Egil Olsen på Kaihuset. Konserten vert haustferien sitt høgdepunkt, og når Egil i tillegg stiller opp gratis, er det absolutt ingen grunn til å sitte heime!
Egil er ute på noregsturnè, og meininga var å starte i Ørsta. Men så fikk han spørsmål om å varme opp for ”Superfamily” på prestisjetunge Rockefeller i Oslo- og som han sjølv seier er det vanskeleg å seie nei til familia og mr. Rockefeller.
Egil Olsen er vel det me kan kalle ein KaiHus- venn, og er alltid innom huset når han er i Ørsta.
Ikkje så rart, det var her det unge multitalentet fekk utløp for sine kreative evner innan m.a. teikning, musikk og film. Kunnskapane om filmsminke og spesialeffektar vart flittig brukt på KaiHuset, ikkje minst i det legendariske ”Crazy zombie project 2000” som Egil stod bak som sivilarbeidar.
Dørene opnar til vanleg tid klokka 18, og konserten startar 20.00. KaiHuset er ope for ungdommar frå 8. klasse, og er sjølvsagt rusfritt.
Les meir
|
| DISKO |
(02/10/07) |
 |
|
Laurdagsdisko på KaiHuset 06.07 klokka 20.00- 24.00.
Hiv på deg danseskona og doll deg opp til det som kan bli ditt livs viktigaste kveld! Kanskje kjem draumeprinsen ridande på ein kvit hest (blir nok litt trangt i døra) eller DEN dama liggande på ei rosa sky (ehe, pass opp for lyskastarane i taket..)
Og dersom det ikkje er særleg interessant, kan me lokke med gratis biljard og internett heile kvelden, god mat i kiosken og heftige rytmer på dansegolvet!
Aldersgrense frå 8. klasse. RUSFRITT, SJØLVSAGT!! Kr. 50,-
|
| Quis og brettspelkveld |
(01/10/07) |
 |
|
Tysdag 02.09 er dagen til å ta med seg den smarte kompisen, eller låne tenkehetta til Petter Smart...Årets første QUIS er eit faktum, beste lag blir premiert! Max tre personar per lag. Laga vert registrert, og blir rådande quizmeistrar til neste omgang om ca. ein månad...
I år blir Quizzen lagt opp som ei turnering, og dersom det blir stor interesse kan me kanskje utfordre andre ungdomsklubbar?
I allefall er planen å ha ei grand finale til våren!
Så møt opp med skjerpa hjerne og gode vennar, dette kan bli ein thriller....
|
| Filmklubb: crazy/ beautiful |
(19/09/07) |
 |
|
CRAZY/ BEAUTIFUL er ei historie om intensiteten ved den fyrste store kjærleiken, og om korleis to unge menneske med vanskelig oppvekst trass alt kan gje kvarandre den tryggleiken dei treng.
Eit provoserande ungdomsdrama, ei moderne "Romeo og Juliet"- historie frå dagens Los Angeles. Rikmannsdøtra møter fattigguten osv.osv.
Gjer klar for haustens andre visning i Ørsta ungdomsfilmklubb! Medlemskapet kostar kr. 10,- og gir deg tilgjenge til alle filmar dette halvåret. Det vert lagt opp til ei visning kvar fjerde veke.
Har du forslag eller ynskje om filmar, kan du vende deg til aktivitetsleiar Jorunn.
|
| Singstarkonkurranse |
(18/09/07) |
 |
|
Torsdag 20.09 klokka 19.30 blir det singstar- konkurranse her på KaiHuset! Konkurransa er open for alle, så her er det berre å melde seg på innan klokka 19.00 på torsdag.
Hugs at på Singstar er det litt andre reglar som gjeld enn t.d. karaoke- det er ikkje alltid om å gjere å synge reinast, berre du treff dei tonane maskina ynskjer...
Heldigvis har me eit dommarpanel, og det vert kåra ein publikumsfavoritt.
Hovudpremien er eit gåvekort på Mix. Publikumsfavoritt- premien er gratisbillett til Battle of the Bands som går av stabelen her på KaiHuset 17.11.
|
 Side: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14
|





Måndagar: 18.00 - 22.00
Onsdagar: 18.30 - 21.00
Torsdagar: 18.00 - 22.00
Crewmøte, husmøte m.m: onsdagar
Øvingsrom: måndagar og torsdagar klokka 17-22 evt. andre dagar etter avtale
|
 |