Filmklubb kvar onsdag frå og med 8.september kl 18.30 - 21.00!
Medlemskap kr. 50,- for eit halvt år. Alle film er gratis.
Logg innRegistrer deg  

Nyheiter
Om Kaihuset
Kaiavisa

Bildearkiv
Gjestebok
Kalender
Øvingsromtider

Kontakt oss
Lenker

Logg inn
Registrer deg

Tilfeldige profiler
Fullstendig profilliste
Søk i profiler

Klokka: 13:30
Dato: 08/09/10

Treff: 732553
Unike: 75087
Online: 12
Konsert på Kaihuset torsdag 27.mars (18/03/08) Prioritert post
1001 er namnet på det som kan seies å vere eit av dei mest ambisiøse banda som har
kome frå Trondheim den siste tida. Førebilete er mellom anna Muse, The Mars Volta, Kent og
Mew. Dette kan ein tydeleg høyre når ein lyttar til den melankolsk/industrielle poprocken som bandet speler.
Som supportband har vi Circuit of Values som mange la merke til på den lokale Ungdommens Kulturmønstring tidlegare i år. Circuit of Values var blant dei innslaga som går vidare til fylkets kulturmønstring og juryen i Ørsta hadde fyljande å si om bandet: ”Tight gjennomføring, godt arrangement. De er flinke individuelt, og også svært godt samspelte.”
Ungdomsleiaren vonar at mange ungdommar vil møte opp slik at både banda og publikum får ein god oppleving denne kvelden.
Aldersgrense er ungdomsskulen og arrangementet er sjølvsagt rusfritt. Billettar kr. 50,-


Les meir
GOD PÅSKE (14/03/08) Prioritert post
Kaihuset held stengt i påska fram til tysdag 25.mars, då er ungdomskafeen open som vanleg klokka 18-22. HUGS det er allmøte om dugnad på huset i ungdomskafeen klokka 19:00:D
JAM PÅ KAIA TORSDAG 13.MARS KL 18-22 (09/03/08) Prioritert post
Tradisjonen tru vert det påskejam på KaiHuset også i år. På ein jam kan den som vil få prøve seg og ein treng ikkje melde seg på på førehand. Mange nye band/ kombinasjonar har oppstått spontant på scena på KaiHuset…
Litt spesielt er det no etter at Eiksundsambandet opna, kanskje dukkar det opp nokon ”uta øyane” og då?


Les meir
FEMIDISKO PÅ KAIHUSET (29/02/08) Prioritert post
I høve kvinnedagen 8.mars held vi FEMIDISKO på huset.
Vi held eksklusivt ope berre for ungdom i kjole/skjørt fram til klokka er ti. Etter klokka ti er det ope også for dei som har på bukse…Og for dei gutane som har tenkt å ta på seg litt lebestift og tru dei slepp inn klokka åtte- tru om att! Du må nemleg ha på deg kjole eller skjørt… Dette gjeld sjølvsagt også jentene – det er jo likestilling, eller kva?
Det vert konkurransar, td. ”Femiquiz”og sminkekonkurranse med fine premiar. Og på eit skikkeleg femidisko må me sjølvsagt ha mykje hårdt fysisk arbeid. T.d skal” katta i sekken” få juling til godteriet fløymer ut og det vert også limbokonkurranse, høve til å teste ut vår nye guitarhero 3 og svett disko i laupet av kvelden. Så nytt høvet både gutar og jenter til å ta dykk ein tur på Kaihuset denne laurdagskvelden. Aldersgrense er ungdomsskulen og vi treng sjølvsagt ikkje rus for å ha det gøy!
Ungdommens kulturmønstring 2008 (25/02/08) Prioritert post
Fyljande deltakarar frå Ørsta går vidare til fylkesmønstringa i Kristiansund 4-6 april 2008: Pål Andreas Foldal Aam, Kofi Anna, Circuit of Values, Pernille Brekke Harbak og Elise Marie Vatne! Nickolai Karlsen går også vidare som fotograf til internettredaksjonen på fylkesmønstringa. Les kva juryen sa om innslaga..

Les meir
Valentinesdisko (20/02/08) Prioritert post
Laurdag vert ein stor kveld for kjærleikshungrige ungdommar... Valentinskvelden vert feira ei veke på etterskot, utan at det har noko å bety!!
Kjærestepar kjem inn til redusert pris, så pass på å ta med deg nokon... me som sit i døra veit sjølvsagt ikkje kven som er i lag:D Det blir konkurransar og kåring av kveldens par, heimelaga pizza, gratis biljard og data... litt for ein kvar smak!
Filmklubb 21.02: SUPERVOKSEN (06/02/08) Prioritert post
Skal ein slutte mens leiken er god?

Her er den danske ungdomsfilmen som fortsetter der den norske dokumentaren "Jenter" slapp.

Rebecca, Claudia og Sofie er i den ulidelige alderen der dei korkje er barn eller vaksne. Dei må vise legitimasjon for å kunne reise med barnebillett på bussen, men kjem ikkje inn på dei hippe stadane fordi dei er for unge. Dei vil leve livet, men blir haldne utafor.

Jentene funderer på når dei egentlig blir vaksne. Er det når ein er atten, vorte konfirmert eller debutert seksuelt? Dei saknar eit overgangsrituale og blir enige om å lage eit sjølv.



Les meir
UNGDOMMENS KULTURMØNSTRING 2008 (01/02/08) Prioritert post
Påmeldte til scenemønstringa: 25 innslag!:D Påmeldte til kunstutstillinga: 13 utstillingsgjenstander. Lydprøve laurdag 2.februar på Ørsta Kulturhus frå klokka 15. Scenemønstringa er søndag 3.februar med utstilling i foajeen frå klokka 12 og framsyningar på scena i kulturhuset frå klokka 13. Billettar kr. 75,- for barn og ungdom under 18 år, kr. 115,- for ungdom mellom 18-20 år, kr. 150,- for vaksne. Tinging av billettar på www.orsta.kulturhus.no eller tlf 7004 5500. Har du spørsmål? Ta kontakt til Aurora på tlf: 95774397 eller til Hans (musikkansvarleg) på tlf: 95220459.
Kaiavisa treng fleire journalistar!!! (30/01/08) Prioritert post
Er du ein av dei som ikkje har fått med deg at KaiHuset har eiga nettavis??? Klikk på linken til venstre, så får du sjå...
Me er ein liten men ivrig gjeng som skriv om det som skjer her på huset- og om det som opptek oss.
Dessverre er me få, og me skulle ønske at nokon fleire ville vere med!

Les meir
"Men in Black" på filmklubben torsdag 17.01 (15/01/08) Prioritert post
Første filmklubben etter nyttår! Medlemskap kostar kr. 10,- for vårsesongen, då kjem du gratis inn på alle filmane i vår.

Men in Black er ei science fiction-komedie basert på ein tegneserie av Lowell Cunningham. I hovudrollene finn du Will Smith og Tommy Lee Jones.

Les meir
Nyttårsball (10/01/08) Prioritert post
laurdag 12.01 kl. 20.00 opnar døren for KaiHuset sitt tradisjonsrike nyttårsball. Alle KaiHuset- brukarar er velkommen, men hugs at det lønner seg å være litt ekstra pynta... Både fordi det blir billegare, og fordi du kan bli kåra til kveldens best kledde...Dessuten har det vel aldri skada å være velkledd når ein skal prøve seg på det andre kjønn...
Det blir konkurransar og dans, ballongar og stjerneskudd- så ta med deg gjengen og kom:D
Velkomen i 2008 (27/12/07) Prioritert post
Vi opnar dørene for fyrste ungdomskafe i 2008 tysdag 8.januar:D

     Side: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14


Zoom | Nytt | Skjul


Kva vil du ha meir av på kaihuset til hausten?


(42%) Pølsefestar


(42%) Konsertar


(14%) Turneringar


(0%) Filmsyningar



Antall stemme: 21


Måndagar: 18.00 - 22.00
Onsdagar: 18.30 - 21.00
Torsdagar: 18.00 - 22.00
Crewmøte, husmøte m.m: onsdagar
Øvingsrom: måndagar og torsdagar klokka 17-22 evt. andre dagar etter avtale