


Klokka: 13:42
Dato: 08/09/10
Treff: 732556 Unike: 75087 Online: 12 |
 |
| 80-tals party på Kaihuset! |
(20/04/09) |
 |
|
Kreppa hår, rosa glitter, neonfargar, tynne slips, hockeysveis, tights, kvite dressar, pels, store smykke, store briller, stripete genserar og permanent! Kva er det? Melodi Grand Prix 1982?
Ja riktig, og så er det dessutan stilen på Kaihuset no på laudag 25.april frå klokka 20 til midnatt. Denne laurdagen blir ein sann 80-tals kveld, med musikk, mat, kostymer og aktivitetar typiske for puddelrockens tiår. Det vil bli halde quiz, samt kåring av kveldens beste kostyme. Me oppfordrar ungdommen som tek turen til å grave i mor og far sine klesskåp i jakt på dei rette kleda. Dei som har kostyme vil og få rimeligare inngang (kr 50/60,-) Aldersgrense: ungdomsskulen. Arrangementet er sjølvsagt rusfritt.
OBS: vi reknar med å leggje mange fine (morosame) bilete opp på heimesida
etter festen.... 
|
| KONSERT PÅ KAIA |
(20/04/09) |
 |
|
Torsdag 23.april blir det konsert med Sting Ray og Amuse kl 19-22. Det er gratis inngang, så det er ingen grunn til å sitje heime denne kvelden - for dette er meir enn skikkeleg bra rock!!
|
| NATTOPE NATT TIL 1.MAI |
(30/03/09) |
 |
|
Det blir nattope på KaiHuset igjen: frå torsdag 30.april KL 20:00 til fredag 1. mai KL 08:00. Aktivitetar: film, playstationspel, internettkafe og biljard - og litt dans om det er stemning for disko i løpet av natta. Det vert tilbod om nattmat og frukost til alle som vil ha. Ein skal ikkje rekne med mykje søvn denne natta, men ein kan godt ta med ein sovepose om ein har lyst til det.
Påmeldingskjema i kiosken på KaiHuset. Siste frist for å levere svarslipp og betale for arrangementet er torsdag 23.april.
Les meir
|
| JAM på Kaia |
(17/03/09) |
 |
|
So er det endeleg tid for Jam igjen: måndag 23.mars! Interesserte band kan ta kontakt til musikkansvarleg Hans Robert Bondhus
|
| filmkveld crazy/beautiful |
(16/03/09) |
 |
|
Ørsta Ungdomsfilmklubb syner filmen Crazy/beautiful torsdag 26.mars kl 19.30. Filmen er ein moderne Romeo og Julie historie. Medlemskap i filmklubben kostar kr. 10 for våren 09, medan filmsyningar er gratis for medlemmar.
Les meir
|
| ukm - lokalmønstringa i Ørsta |
(25/02/09) |
 |
|
Fyljande deltakarar frå Ørsta går vidare til fylkesmønstringa i Åndalsnes 27-29 mars
Anna Elise Vadset (16), Henrik Sandstad Dalen (16), Lena Brune (14), Sondre Masdal (16) og Miriam Korsfur (15). Gratulerar!!! Amuse går også vidare, då ein av dei andre deltakarane melde avbod: Amuse er: Henrik Blichfeldt (16), Mathias Blichfeldt (18) , Thomas Vinjevoll (17) og Tore Aarseth Ørstavik (16). 
Les meir
|
| STENGD I VINTERFERIEN OG 2.MARS |
(18/02/09) |
 |
|
Kaihuset held stengd i vinterferien og måndag 2.mars. Velkomen tilbake torsdag 5.mars
P.s God ferie
|
| Valentine ball på Kaihuset laurdag 14.februar kl 20-00 |
(10/02/09) |
 |
|
På laurdag må alle romantikarar ta turen til Kaihuset, for her er det duka for en heilromantisk aften med kjærleik i lufta! 
Kaihuset vert denne kvelden forvandla til eit rosa luftslott der det er stor fare for at nett DU vert råka av Amors pil!
Det vert høve til å lage kort til ein du har kjær eller kanskje føler du meir for å gje din hjartans utkåra ei rosa kreppapir-rose som du sjøl har laga med flid og omtanke?
I kiosken vert det sal av tradisjonsrike Kaihusrettar som denne kvelden vil få ein romantisk vri!
Selskaps-leikar høyrer sjølvsagt også med på ein slik aften og det vil verte kåring av årets ”valentinepar” … alt premiert med premiar i høve til kveldens tema.
So no er det berre å blåse støvet av danseskoa, leite fram sjekketriksa og møte opp på Kaihuset laurdag. Kanskje ventar nokon på akkurat DEG…
|
| Attgløymt utstyr på UKM |
(09/02/09) |
 |
|
|
Den som gløymde att ein pose med ein Boss Super Chorus og ein jack-kabel på Kulturhuset under UKM, kan få att denne av Hans på Kaihuset.
|
| Filmklubb torsdag: JALLA, JALLA |
(20/01/09) |
 |
|
|
Ørsta Ungdomsfilmklubb syner filmen Jalla, Jalla i Ungdomskaffen torsdag 22.januar kl 19.30. Medlemskap i filmklubben koster 10,- kroner i halvåret og filmsyningar er gratis.
|
| Opningstider våren 2009 |
(29/12/08) |
 |
|
Kaihuset ønskjer velkomen til nytt Kaihusår i 2009. Etter forslag frå husstyret har vi no endra opningstider frå tysdagar til måndager på vekedagene. Torsdager held vi kveldsope som vanleg, då det ikkje har vore ønskje om å forandre på det. Mange av ”våre” ungdommar er gjerne på Skistenteret i sesongen og då Bondalseidet held stengd måndagar, treng ikkje ungdommane lenger å måtte velje mellom Skisenteret og Kaihuset.
Ungdomsleiaren vil og informere om at vi diverre står utan aktivitetsleiar etter nyttår. Vi må difor redusere i opningstilboda inntil ny aktivitetsleiar er tilsett. Det vil seie at det mellom anna blir færre laurdagsarrangement, crewmøte og øvingsromstider, men vi voner at det kjem ein ny aktivitetsleiar på plass om ikkje alt for lang tid. I så stor grad som mogleg vil vi halde ope måndagar og torsdagar i tida framover. Fyrste opningskveld er måndag 12.januar. Dei som treng øvingsrom, skal ta kontakt til musikkansvarleg Hans Robert Bondhus, andre som har spørgsmål osb. kan ta kontakt til ungdomsleiar Aurora Høegh-Omdal.
|
| Januar 2009 |
(23/12/08) |
 |
|
Velkomen tilbake til Kaia; vi opnar kafeen igjen måndag 12.januar!!!
|
 Side: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14
|





Måndagar: 18.00 - 22.00
Onsdagar: 18.30 - 21.00
Torsdagar: 18.00 - 22.00
Crewmøte, husmøte m.m: onsdagar
Øvingsrom: måndagar og torsdagar klokka 17-22 evt. andre dagar etter avtale
|
 |