Filmklubb kvar onsdag frå og med 8.september kl 18.30 - 21.00!
Medlemskap kr. 50,- for eit halvt år. Alle film er gratis.
Logg innRegistrer deg  

Nyheiter
Om Kaihuset
Kaiavisa

Bildearkiv
Gjestebok
Kalender
Øvingsromtider

Kontakt oss
Lenker

Logg inn
Registrer deg

Tilfeldige profiler
Fullstendig profilliste
Søk i profiler

Klokka: 13:40
Dato: 08/09/10

Treff: 732556
Unike: 75087
Online: 13
ONSDAGSOPE PÅ KAIHUSET (06/01/10) Prioritert post
Frå onsdag 13.januar held ungdomskafeen ope kvar onsdag frå kl 19-21. Det vil vere filmklubb om lag 2 onsdagar i månaden, då blir det berre ope for filmklubbmedlemmar. Medlemskap kostar kr. 50,- i halvåret og då er alle filmane vi syner gratis. Dei andre onsdagane er det ope for alle frå 8.klasse til 18 år og det er gratis. Vi vil framleis halde ope laurdagar når vi har eit særskilt arrangement, og dette vil vi gjere merksam på her på heimesida og hengje opp plakater osb.
UNGDOMMENS KULTURMØNSTRING 2010 (06/01/10) Prioritert post
Fristen for påmelding er utvida til søndag 24. januar 2010!
I Ørsta har vi hatt mange flotte kulturmønstringar til stor glede for både publikum og deltakarar, og vi voner at det blir både mange og varierte innslag å sjå og høyre på Kulturhuset i Ørsta 7. februar i år, så det gjeld om å sette seg ned foran pc-en og melde seg på no innan fristen går ut!:D :D
UMK Norge har eit godt påmeldingssystem på Internett, som er enkelt å nytte.
Gå inn på www.ukm.no og klikk ”påmelding”, vel fylke og klikk deg fram til Ørsta Kommune. Du kan melde deg på åleine eller saman med andre. Om du nettopp har byrja eller er vidarekomen spelar inga rolle. Alle er velkomne til å delta i UKM!
Aldersgrense for å delta på lokalmønstringa er 10-20 år, og deltakarane må vere busett i Ørsta Kommune. For grupper/band må minst halvparten av medlemmane vere busett i Ørsta.


Les meir
Juleverkstad (09/12/09) Prioritert post
Hugs siste juleverkstad i Ungdomskafeen måndag 14. desember kl 19-21:D
Filmklubb måndag 08.12.09 (04/12/09) Prioritert post
Bad Santa
Regi: Terry Zwigoff
To svindlare reiser rundt kledd som sjøvaste julenissen og den gode hjelparen alven. I staden for å spreie juleglede er dei konstant fulle, bannande og skrupuløse. Dei ranar alle kjøpesentra dei kjem over. Som to fulle reinsdyr i ein porselensbutikk ødeleggar dei alt som er hellig og tradisjonsbunde kring jula. Men dei får store problem då ein åtte år gamal gut byrjer å lære dei den egentlige meininga med jula....

Aldri før har du truffet en spydigere og mer fordrukken julenisse enn dette. Billy Bob Thornton tar den helt ut i denne filmen. Julen og barns forhold til julenissen blir aldri det samme etter dette.
UNGDOMMENS KULTURMØNSTRING 2010 (26/11/09) Prioritert post
Søndag 7.februar 2010 er det klart for Ungdommens Kulturmønstring i Ørsta. Ungdommens Kulturmønstring gir DEG sjansen til å vise andre kva du held på med!
Ungdommens kulturmønstring er eit kulturtiltak for barn og unge i heile landet, der ungdommen får presentere talenta sine innan scenekunst, film og visuelle uttrykk for eit publikum. UKM er meint å gje eit breitt bilete av det ungdom er oppteken av.
Ein kan deltake med til dømes musikk, dans, teater, film, bilde, teikning, dikt og novellar, skulptur, webdesign, foto, stand-up, kunsthandverk og datakunst - berre fantasien set grenser!
PÅMELDING: UMK Norge har eit godt påmeldingssystem på internett, som er enkelt å nytte.
Gå inn på www.ukm.no og klikk deg fram til Ørsta Kommune. Påmeldingsfrist er torsdag 21. januar 2010:D


Les meir
Kaihuset stengd i kveld (16/11/09) Prioritert post
Ungdomskafeen og øvingsromma er stengd i kveld, måndag 16.11. Ses igjen torsdag 19.11:)
Konsert torsdag (09/11/09) Prioritert post
Torsdag 12. november held vi dobbelkonsert med Chasm og Exposed to Failure, to band frå lokalregionen. Dette arrangementet er ope for ungdom frå 8.klasse til 18 år, og det er gratis inngang.

sjekk ut banda på:
www.myspace.com/officialchasm
www.myspace.com/exposedtofailure
Jubileumsfest måndag 9.november kl 19-23 (02/11/09) Prioritert post
I november i år er det 10 år sidan Kaihuset opna dørene for første gong. Jubileet vil bli markert med eit innhaldsrikt program gjennom ei heil veke.
Vi byrjer jubileumsveka måndag 9. november med ein heilaften for både barn, ungdom og vaksne. Det vert underhaldning der ungdommane på Kaihuset sjølve står for innslaga. Her kan ein vente seg både morosame sketsjar, dikt, song og musikk, samt talar til jubilanten frå ungdomsleiar Aurora Høegh-Omdal, husstyremedlem på Kaihuset; Edel Susann Bjørkedal og politikar Tove Halse Digernes. Og så vert det sjølvsagt høve til å få seg ein bit jubileumskake, kaffi, brus og anna snop frå kiosken i ungdomskafeen.
Som avslutning vert det konsert med den litt svære ørstingen Egil Olsen, som mellom anna har hatt siviltenesta si på Kaihuset.
Vi oppfordrar også føresette, sysken, nye som gamle brukarar og andre vener av Kaihuset til å vitje oss på jubileumskvelden.
Arrangementet byrjer klokka 19 og sluttar klokka 23.
Det er ingen aldersgrense verken opp eller ned; alle folk i alle aldre er hjarteleg velkomen! Billettar kostar 50 kroner per person.
Kaihuset stengt torsdag!! (02/11/09) Prioritert post
Kaihuset er stengt kommande torsdag grunna revyøving.
BATTLE OF THE BANDS 2009 (02/11/09) Prioritert post
Laurdag 14. november avsluttar vi veka med det årlege arrangementet Battle of the Bands. Dette er ei tevling for unge band frå heile Sunnmøre, og arrangementet er eit høgdepunkt kvart år der vi kan love flotte premiar sponsa av Ungdomsrådet i Ørsta, Rufo, Lydmakeriet og Mix. Arrangementet vil vare frå kl 18-23, og er ope for alle over 10 år. Inngang kr. 80.

Alle arrangement på Kaihuset er sjølvsagt rusfrie.

Les meir
Halloween på Kaihuset (21/10/09) Prioritert post
Laurdag 31.oktober kl.19.00 er det duka for Halloweenfeiring på Kaihuset. Huset er pynta til randen av ekkelt og ufyseleg materiale, stereoanlegget spelar nifse hufs, og kjøkenet stiller med tradisjonell Halloweenkost.
Som førre året, vil det bli arrangert ulike konkurransar. Det går framleis gjetord i Ørsta om den berykta etekonkurransen som gjekk av stabelen i fjor, der Christian Castberg gjekk av med sigeren. Den gong bestod menyen av ulike ”delikatesser” frå Ørsta sine mange frysediskar, som tildømes ei rå sild, raud chili og ein saus du ikkje får i Toro-utgåve. Kva kokken diskar opp med til årets etekonkurranse, får ein sjå dersom ein stiller opp på Kaihuset denne kvelden. Ungdommen blir oppfordra til å kle seg ut, då det blir premie til beste kostyme. For dei som ynskjer det, er det og mogleg å få sminkeassistanse i Kaihuset sin eigen salong.
Aldersgrensa er som vanleg for ungdom frå 8.klasse til 18 år. Arrangementet er rusfritt, og kostar kr. 50
BATTLE OF THE BANDS 2009 (20/10/09) Prioritert post
Laurdag 14. November brakar det nok ein gong laus med ein ny ”Battle of the Bands” konkurranse på Kaihuset. Alle ungdommar som spelar i band og har lyst å vise seg fram på ei scene, må nytte denne sjansen til å vise kva dei duger til! Vi har fått gode sponsorar med i år også, og det vert flotte premiar til dei heldige vinnarane av konkurransen. Vi satsar på å få ungdom frå heile Søre Sunnmøre til å delteke i denne konkurransen, så dette kan bli skikkeleg spennande! Band som ynskjer å deltake kan ta kontakt til musikkansvarleg Hans Bondhus på Kaihuset for påmelding og informasjon. Fristen for påmelding er torsdag 29. oktober.

     Side: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14

Vis


Kva vil du ha meir av på kaihuset til hausten?


(42%) Pølsefestar


(42%) Konsertar


(14%) Turneringar


(0%) Filmsyningar



Antall stemme: 21


Måndagar: 18.00 - 22.00
Onsdagar: 18.30 - 21.00
Torsdagar: 18.00 - 22.00
Crewmøte, husmøte m.m: onsdagar
Øvingsrom: måndagar og torsdagar klokka 17-22 evt. andre dagar etter avtale