Filmklubb kvar onsdag frå og med 8.september kl 18.30 - 21.00!
Medlemskap kr. 50,- for eit halvt år. Alle film er gratis.
Logg innRegistrer deg  

Nyheiter
Om Kaihuset
Kaiavisa

Bildearkiv
Gjestebok
Kalender
Øvingsromtider

Kontakt oss
Lenker

Logg inn
Registrer deg

Tilfeldige profiler
Fullstendig profilliste
Søk i profiler

Klokka: 13:43
Dato: 08/09/10

Treff: 732557
Unike: 75087
Online: 13
Sommaravsluttning (13/06/06) Prioritert post


Denne veka har vi ope tirsdag og torsdag som vanleg, men så er det stengt fredag. Laurdag 17. juni held KaiHuset stor utandørs konsert i høve sleppfesten for Cd-en ”Litt Svært”. Det vert konsert frå klokka 14-23, og det er ope for alle folk i alle aldrar. Banda som spelar denne dagen er: Elise Flakk Nordang, Afterbirth, Spett, Dr. Groove, Lars Wes, Stig Ulv, Øyvind Klungre, Siri Øvregård, A Beast, Zapphire, Haarek and the Carrys, Anna Elise Vadset, Spawn, 16th Valve og Uncle’s Institution som også har den store æra å opna dette litt svære arrangementet. Det vert også mogleg å bruke armar og bein på anna enn musikk. KaiHuset har leid utstyr til crazy sumo og her vert det (mot eit lite vederlag) fritt fram for alle som føler dei har ein sumobrytar i magen – eller andre plassar. Og kanskje vert det og høve til å være heldig? For dei som kjøper billettar vert det loddtrekning av ein billett til Crossover 2006.
Arrangementet er sjølvsagt rusfritt, og vi vil minne om at KaiHuset har nulltoleranse i høve rus, det vil seie at folk vert nekta tilgjenge eller vist vekk ved mistanke om at dei er rusa.
Born under skulealder kjem gratis inn på laurdag, mens prisen for billettar må seies å være litt svært rimeleg nemlig 50 kroner! Vi har tinga flott sommarvêr, men om det ikkje er anna enn regn og blåst på lager, so vil konserten bli flytta innanfor. Det er med andre ord absolutt ingen grunn til å halde seg heime!

Siste kveldsope før sommarferien er tysdag den 20.juni!
Spectacle bilde (06/06/06) Prioritert post
En haug med bilde frå The Spectacle konsert.



Sjå alle sånn sirka her. Enjoy!
Live-musikk (18/05/06) Prioritert post
Her har du 5 live songar (ein av kvart band) frå førlanserings-konserten
til inntekt for LokalCD-prosjektet. Enjoy!

Propagation
Haarek & the Carrys
Skinny Sweaty Men
A Beast
Elise Flakk Nordang

Sortert etter hardheit :P
Bilete frå førlanseringskonserten (08/05/06) Prioritert post
En haug med bilde frå fredagens førlanseringskonsert for lokalcd-prosjektet. Sjå dei her!

Litt av kvart. (19/04/06) Prioritert post
Det vert open kafè på Kaihuset fredag den 21. april. Kom kom!



Surferosa var som vanlig heftig! Tok litt tid å få varma opp publikum, men etter eit par songar var det ingen tvil om at alle hadde stor glede av det, og publikum var raskt med på konserten.
Surferosa bilete. Klikk her!
Bilde (04/04/06) Prioritert post
Meir bilde ute. Denne gangen frå fylkesmønstringa. Sjå dei her.

Fredric Bjørdal kom til landsmønstring som konferansier, mens Volda fekk med både bandet A Beast og foto!! Gratulerer til alle!!

Vi har lagt ut ein del fleire etter at vi opna Fylkes UKM galleriet! Vi har fått bilete tatt av Marius Beck Dahle (UKM Møre og Romsdal) som vi har lagt ut! Sjå dei nyaste herfrå.



Takk for dei 320 000 sidetreffa vi fekk forrige måned :)
Bildebildebilde (28/03/06) Prioritert post
Masse bilde. Vertfall opp mot 20, berre frå skikvelden no på fredag.



Sjå på dei då vel!
Diverse (20/03/06) Prioritert post
Vi har lagt ut bileta fra Levitation Breakdown konserten på laurdag :)
Du finn dei HER!



Har også fått laga teljar på alle bileta, so no kan du finne dei mest sette bileta på Topp 20 sida. Den vil nok verte litt meir fornuftig når teljarane har komt seg eit stykke etter ei veke eller to.

Vi har på 20 dagar hatt over 200 000 unike sidetreff på nettsida ifølge kontrollpanelet vårt (teljaren nede til venstre tel på ein annan måte), og vil takke for at du stikk innom :)
Håpar å sjå deg på Kaihuset og på websida ved fleire anledningar!
Konsert på laurdag (17/03/06) Prioritert post
Det vert ope på laurdag 18. mars frå 21 til 01 sidan coverbandet Levitation Breakdown, med Kjellen (også kjent frå Spett) i spissen, byr på konsert! Dei kjem til å covre myyykje kjent og god musikk! Det kostar 50 kroner å komme inn denne kvelden. Blir garantert en heftig kveld!
Superhelg (17/03/06) Prioritert post
Vil berre minne alle på at dei skal komme på Kaihuset denne helga. Det vert ikveld frå klokka 21:00 til 01:00 open kafe, med GRATIS inngang, og GRATIS biljard! I kiosken kjem vi til å servere muffins, baguettar og hamburger. Fins det nokon grunn til å sitte heime? Neppe.

Registrerte brukarar på sida her kan no også legge igjen kommentarar på bilete i bildearkivet :)
(Nokon av dei som har registrert seg fekk ikkje mailen dei skulle få. Dei er no godkjent)
Vi vil legge ut bilete fortløpande frå arrangementa våre.

Ha ei god helg, hilsen oss på Kaihuset
Bilete (10/03/06) Prioritert post
Det har blitt lagt ut bilete frå UKM i bildearkivet vårt. Det kjem også bilete frå filmkvelden med Jalla Jalla iløpet av helga og starten av neste veke. Nyt dei her.

Jalla film (07/03/06) Prioritert post
Kommande fredag den 10. mars vert det filmkveld! Filmen vi skal vise er Jalla Jalla (svensk komedie, men det veit dokke sikkert).
Det kostar 10 kroner å sjå filmen. Dette er ei medlemsavgift som betyr at alle filmkveldar fram til sommaren er gratis!

     Side: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14

Vis


Kva vil du ha meir av på kaihuset til hausten?


(42%) Pølsefestar


(42%) Konsertar


(14%) Turneringar


(0%) Filmsyningar



Antall stemme: 21


Måndagar: 18.00 - 22.00
Onsdagar: 18.30 - 21.00
Torsdagar: 18.00 - 22.00
Crewmøte, husmøte m.m: onsdagar
Øvingsrom: måndagar og torsdagar klokka 17-22 evt. andre dagar etter avtale