


Klokka: 13:34
Dato: 08/09/10
Treff: 732556 Unike: 75087 Online: 14 |
 |
| Crewope og avisredaksjon |
(28/08/07) |
 |
|
Onsdagane vert frå i haust av ein ny og spennande opningsdag for enkelte av KaiHus- gjengen!
Me startar klokka 17.00 med redaksjonsmøte i KaiAvisa. Møta blir i 2. høgda på avisromet (inngang kontor) og varer til klokka 19.00. nye og gamle journalistar er hjarteleg velkomne :s
Annakvar onsdag frå klokka 19.00- 21.30 blir kafèen open for crewet. Me startar med møte, der me går gjennom vaktlister, og tar opp viktige saker.Internettkafèen og biljard blir gratis.
|
| Diskotek |
(13/08/07) |
 |
|
Vi held fyrste diskotek etter somarferien laurdag 25.august. I laupet av kvelden vil vi syne lysbilete med aktivitetar og arrangement på Kaihuset i tida 2003 til 2007 på storskjerm. Aldersgrensa er ungdomsskulen og som alle andre arrangement på Kaihuset er det rusfri sone både inne og utafor huset! CC kr. 50,-
|
| Jam på Kaihuset torsdag 19. april |
(10/04/07) |
 |
|
|
Torsdag 19. april frå klokka 19.00 er det jam på Kaihuset. Alle som har lyst å spele kan ta med instrument, så står scena klar. Dei som veit at dei har noko dei har lyst til å spele kan gjerne melde frå til Hans før torsdag.
|
| DET BLIR DISKO I KVELD!!! |
(01/12/06) |
 |
|
|
Mange var redde for at kveldens nissedisko skulle bli avlyst sidan heile kaihuset var dekt med vatn frå det knuste akvariet i går... men med mange gode hjelpara til å få ut vatnet og fosterheim til fiskane vår er vi klar for disko i kveld!!
|
| Nissedisko fredag 1. Desember!!! |
(22/11/06) |
 |
|
Fredag 1. desember startar vi jula på kaihuset med nisse disko... Ta på deg nissehua di og kom på kaihuset Kl. 21-01 Frå 8. klasse.. 40 kr 
RUSFRITT!!!
|
| Stengt i haustferien |
(03/10/06) |
 |
|
|
KaiHuset held stengt i haustferien. Neste kveldsope er tysdag 17.oktober!
|
| KONSERT IGJEN IGJEN |
(28/09/06) |
 |
|
|
Rock som skummar, sprutar, stangar, er det noko for deg?? Så kom på konsert på KaiHuset fredag 6.oktober kl 21-01 med A tribute to turbonegro og Dubious drizzle!! CC kr 50,- . Aldersgrense ungdomsskulen, og rusfritt arrangement!!!
|
| Filmklubben syner South Park - the Movie |
(25/09/06) |
 |
|
Torsdag 28. september kl 19.30 er det tid for Ørsta Ungdomsfilmklubb igjen. Medlemskap kostar kr. 10 for hausten 2006. Film vi syner er gratis!
Les meir
|
| KONSERT PÅ KAIHUSET |
(20/09/06) |
 |
|
Laurdag 23. september kl 20-00 er det duka for ein gedigen konsertoppleving på KaiHuset med Josephine, Elise Flakk Nordang og Anna Elise Vadset!. Dørane opnar klokka 20 og konserten byrjar kl 21. Billettar kr. 80, aldersgrense ungdomsskulen og du skal sjølvsagt få nyte musikken med fridom frå rus!!
Les meir
|
| JAM |
(13/09/06) |
 |
|
|
Endeleg er det klart for jam igjen!! Har du instrument og/ eller talent, ta med det du har... pluss gode vennar.. og møt opp på KaiHuset torsdag 14.09. Alle som vil får prøve seg på scena!!
|
| Onsdagskafe |
(12/09/06) |
 |
|
Kafe for ungdom frå Vidaregåande (16 år) og opp til 20 år KVAR ONSDAG FRÅ KL 16-18. Garantert fjortisfri!!!
Les meir
|
| Filmskaparar, Journalistar og Geekar! |
(12/09/06) |
 |
|
Har du lyst å lage film? Film er artig både som skuleprosjekt og på fritida. Kaihuset har kamera, og redigeringsutstyr, så alt er klart for at du kan komme hit og lage det du vil!
Har du ein journalist i deg? Kaihuset har i ei årrekke dreve med avis både på trykk og på nett. Skriv om lokalsaker for ungdom, kva som skjer på Kaihuset og skaff deg eit godt utgangspunkt vidare.
Likar du å leike i photoshop eller lage websider? Kaihuset har også hatt IT-grupper levande gjennom lenger tid. No er det på tide med nye folk til desse oppgåvene!
Ta kontakt med oss om du er interresert, så skal vi hjelpe så godt vi kan
|
 Side: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14
|





Måndagar: 18.00 - 22.00
Onsdagar: 18.30 - 21.00
Torsdagar: 18.00 - 22.00
Crewmøte, husmøte m.m: onsdagar
Øvingsrom: måndagar og torsdagar klokka 17-22 evt. andre dagar etter avtale
|
 |