Filmklubb kvar onsdag frå og med 8.september kl 18.30 - 21.00!
Medlemskap kr. 50,- for eit halvt år. Alle film er gratis.
Logg innRegistrer deg  

Nyheiter
Om Kaihuset
Kaiavisa

Bildearkiv
Gjestebok
Kalender
Øvingsromtider

Kontakt oss
Lenker

Logg inn
Registrer deg

Tilfeldige profiler
Fullstendig profilliste
Søk i profiler

Klokka: 13:33
Dato: 08/09/10

Treff: 732555
Unike: 75087
Online: 13
Harrydisko på KaiHuset laurdag 10. mars (01/03/07) Prioritert post
Harrydisko på KaiHuset laurdag 10. mars kl. 20-00.
KaiHuset inviterar til diskotek med svært høg treskofaktor kommande laurdag, så finn fram skinnvesten, rompetaska, blå augeskygge, varmedressen eller anna godt du har i skåpet og ta deg ein tur ned på kaia. Og til deg som alltid har ønska deg caps, signert cd og t-skjorte frå Vassendgutane – er du Harry nok denne laurdagen, så blir du kanskje den heldige vinnaren av desse effektane KaiHuset har fått i gåve frå Gutane? I kiosken serverar vi pølse i brød med rekesalat og gratis 11/2 liter med RC cola til kvar 20. kunde, og for å skape rett stemning vert det servert potegull direkte frå hjulkapslar i ungdomskafeen. Vi oppfordrar til mykje godlukt (wunderbaum!), og dei skikkeleg Harry har sjølvsagt spraya seg med luftreinsar under armane før dei kjem på disko! Det blir høg harryfaktor på musikken som dj-ane finn fram, og det blir nok spelt mykje frå dei lokale heltane; Vassendgutane, denne kvelden. KaiHuset åtvarar også om at skandinaviske danseband kan finne sin veg til cd-spelaren, og nemnar i fleng: Vikingarna, Septimus, Europe, Gyllene Tider, Lolita Pop med meir! Aldersgrense er ungdomsskulen, og arrangementet er sjølvsagt rusfritt.
Cc kr. 30/50,-.
Filmkveld Torsdag 1. Mars (26/02/07) Prioritert post
Torsdag er det igjen filmkveld då skal me vise den artige filmen
"Da jeg traff jesus med...sprettert"

Les meir
NATTOPE!! (07/02/07) Prioritert post
Det blir nattope på KaiHuset igjen i vinterferien frå tysdag 20.februar klokka 19:00 til onsdag 21. februar klokka 07:00. Påmelding i kiosken på KaiHuset fram til tysdag 13.februar. Aldersgrense: 8.klasse til 18 år. Pris: kr 80,- inkl. nattmat og frukost. Vi treng minimum 35 deltakarar for at arrangementet skal bli til noko, og har eit maksimum tal deltakarar på 80 personar. Påmeldingskjema her.

Les meir
Laurdagsope på KaiHuset (05/02/07) Prioritert post
Ope laurdag 10. februar kl 20-00. Vi varmar opp med PS2 spelet Buzz frå klokka 20.30 -21.30. Diskotek frå klokka 21.30 til midnatt. Cc kr. 50,-. Aldersgrense Ungdomsskulen. Rusfritt arrangement!
Søndag 28. januar 2007 - Ungdommens Kulturmønstring (UKM) i Ørsta. (18/01/07) Prioritert post
Møt opp på Kulturhuset søndag 28.januar klokka 12, då opnar dørane for ungdommens kulturmønstring 2007. Kunstutstillinga kan du sjå frå klokka 12 til klokka 15.30 og det er gratis! Sceneframsyninga startar klokka 13 og held på til klokka 16. Billettar kan du kjøpe på kulturhuset frå laurdag 13.januar eller på nett: www.orsta.kulturhus.no. Billettane kostar kr. 150,- for vaksne og kr. 75 for born (under 16 år). Kjøp billett i god, så er du sikker på å få plass:D

Les meir
God jul og godt nytt år! (20/12/06) Prioritert post
Så held KaiHuset juleferie:) Vi ynskjer dykk ein god jul og eit godt nytt år, og vi sjåast igjen i 2007! Fyrste ope kveld vert tysdag 9.januar klokka 18 til 22.
Julekonsert på kaihuset! (11/12/06) Prioritert post
Komande fredag står dei unge og lovande ”Spawn” og ”Bringebærsmak” på scena. Klare for å gi oss en god dose julerock, litt eigenkomponert musikk og diverse coverlåtar. Desse to banda var med på årets Battle of the Bands på KaiHuset, der dei etter kvart steig fram som publikumsfavorittar. Dei unge musikarane har lova at dei skal prøve å få oss i julestemning, i vert fall vert dette ein kveld med trøkk!
Etter konserten vert det mogleg for andre spelesugne å prøve seg, kanskje vert der muligheit for ein liten jam? Dersom dette likevel ikkje skulle freiste, fortel ryktet at den gode brus julenissen har vore på besøk og lagt igjen ei lita førjulsgåve til ungdomen. Denne kvelden vert det altså gratis julebrus til dei som tek turen innom. Kom og få med deg årets siste konsert og ei gratis julebrus!
Dørene opnar kl.21.00, og konserten startar kl. 22.00. Billettar kr. 50,-, aldersgrense ungdomsskulen og som alltid: rusfritt arrangement!!
Ope hus på KaiHuset Torsdag 7.desember kl 19-21. (03/12/06) Prioritert post
Unge som gamle, ungdommar som aldri har vore på KaiHuset før, foreldre og sysken til ungdommar som brukar huset no, bakar og smed, prost og politikar?.Alle er velkommen til KaiHuset denne kvelden for å få seg ein kopp gløgg, kaffi, te eller ein pepparkake eller to!
Vi syner lysbilete frå ulike arrangement på huset, eit pepparkakehus (modell Kaihuset) og postkort som ungdommen har laga i juleverkstaden. Er det nokon som har nokre spørsmål om KaiHuset vil ungdomsleiar Aurora, aktivitetsansvarleg Ellinor eller musikkansvarleg Torgrim meir enn gjerne svare.
Film Kveld Torsdag 14 Desember O Brother Where art thou? (21/11/06) Prioritert post
O Brother Where art thou?

I Amerika på 1930-tallet gjer fangen Everett Ulysses McGill og det klønete makkerparet Pete og Delmar, ein snodig unnamanøver frå eit beinhardt fengsel i Mississippi. Med ingenting å tape, alt å vinne og med loven rett i hælene gjer dei tre seg no ut på ei utruleg reise langs Amerikas støvete landvegar, der trioen konstant treff på galne og skjeive eksistensar. Målet er å nå fram til Everetts hus, der byttet frå eit bankran ligg skjult.
BAD HAIR REUNION PARTY (17/11/06) Prioritert post
Møt opp til alle tiders stygt hår disko på Kaihuset fredag 17.november kl 21-01! Arrangørerene er 9 russejenter frå Volda Vidaregåande. Temaet er stygt hår, med premie til det styggaste, sjølvsagt. Det vert og CS konkurranse med premie og vi syner lysbilete frå "gamle dagar" med ungdom som brukte Kaihuset for nokre år sidan. Vi vonar å sjå dykk igjen på fredag! Billettar kr 50/60. N.B Denne kvelden vert det ikkje adgang for 8.klassingar. Aldersgrense er soleis 9.klasse og opp til 3. vidaregåande. Og heilt klart rusfritt!!!!
BOB06-musikk (17/11/06) Prioritert post
I tilfelle du gjekk glipp av Battle of the Bands på Kaihuset kan du no få ein smakebit av vinnarane sine bidrag:
Cameltoes - As time goes by
Exposed to failure - 1
Professor of funk fuckers - Murdered by boredom
BATTLE OF THE BANDS (06/11/06) Prioritert post
Vinnarane av B.O.B 2006 :1.plassen tok Cameltoes med sjølvlaga låtar og girlpower (for som dei skriv om seg sjøv: dei er 3 kjekke jenter ifrå Volda). 2.plassen gjekk til Exposed to failure frå Sande/Herøy og 3.plassen til Professor of funk fuckers frå Ørsta! Gratulerer:D


Les meir

     Side: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14


Zoom | Nytt | Skjul


Kva vil du ha meir av på kaihuset til hausten?


(42%) Pølsefestar


(42%) Konsertar


(14%) Turneringar


(0%) Filmsyningar



Antall stemme: 21


Måndagar: 18.00 - 22.00
Onsdagar: 18.30 - 21.00
Torsdagar: 18.00 - 22.00
Crewmøte, husmøte m.m: onsdagar
Øvingsrom: måndagar og torsdagar klokka 17-22 evt. andre dagar etter avtale