Filmklubb kvar onsdag frå og med 8.september kl 18.30 - 21.00!
Medlemskap kr. 50,- for eit halvt år. Alle film er gratis.
Logg innRegistrer deg  

Nyheiter
Om Kaihuset
Kaiavisa

Bildearkiv
Gjestebok
Kalender
Øvingsromtider

Kontakt oss
Lenker

Logg inn
Registrer deg

Tilfeldige profiler
Fullstendig profilliste
Søk i profiler

Klokka: 14:06
Dato: 08/09/10

Treff: 732560
Unike: 75087
Online: 14
Trippelkonsert på Kaihuset laurdag 27.februar (19/02/10)
Soup
Soup har sidan januar 2005 vært einmannsprosjektet til Trondheimsmannen Erlend Aastad
Viken. Debutalbumet ”Come on Pioneers” utgive på Oslo-baserte How is Annie Records har fått ei rekkje glimrande anmeldingar i norsk presse, og kom i 2008 inn under Norsk Kulturråds innkjøpsordning for Fonogram, samtidig som bandet har vore aktive på konsertfronten i Noreg. No utvida til eit 4-mannsband er dei klare til å erobre Noreg og verda med musikken sin som befinn seg i ein genreposisjon ein stad mellom indierock, postrock, electronica og postpop med referansar til band som The Postal Service, Mogwai og Motorpsycho. Bandet slepp sitt tredje album i slutten av januar 2009 på How is Annie Records.

St. Helen
St. Helen gjer noko så utypisk trøndersk som å spelee pop. Bandet blei dog starta opp som eit hardcoreband tilbake i 2006, dei valde å behalde energien men å utvide sine musikalske inspirasjonar. Bandet slapp i desember 2009 sin debut-EP «As Low As It Can Be», og tittellåten vart utropt til Ukas Urørt av NRK P3. Her køyrast det hardt på med med chorus, falsettar og koring, som lett får deg til å drøyme deg bort mot Gøteborgs sterke poptradisjonar. St.Helen består av Magnus Kummervold (vokal, gitar), Børge Holen (trommer,vokal) og Nikolaj Skybakmoen (gitar, vokal) som forøvrig er lillebror til meir kjende Jonas Skybakmoen fra Johndoe.

Gode Ord Dør Sist
Børek og Tfuzz som utgjør Gode Ord Dør Sist har dei siste tolv åra redda eit lokalt bryggeri med singelen ”kjenn varmen”, harva over stampane på norske festivalar, sluppe ein haug singlar, bidrege på ein enda større haug kompilasjonar, brukke eit par ribbein pga BMX, mekka låtar med Thirstin Howl III, Lo- Life og Ken Ring, oversett Shakspare til raps, arrangert lokale reggae- og hip-hop festivalar, lært opp kids i å rappe og snurre skiver, og spelt snart 300 konsertar i Midt og Nord-Noreg. Vinteren 2009 slapp bandet sitt sjølvtitulerte album på Gaffa Records, både på Vinyl og ei påkosta CD-utgjeving trykt som ei 24 siders bok, ei utgjeving som forøvrig hausta terningkast 6 i Adresseavisen. På samleskiva Trondheim Calling bidreg dei med det nye sporet ”Slett Håp”, som igjen varslar om eit trøndersk Hip- Hop kollektiv med utrolig god språk- og dialektteft, ikkje rart Åge Aleksandersen har uttalt til media at Gode Ord Dør Sist er den nye trønderrocken, og at bandet har vunne fleire språkprisar. Gode Ord Dør Sist jobber nå med sitt album nummer 2, og imellom det arbeidet fann vi det passande at resten av Noregs land skal få bli kjende med dette fantastiske bandet!

Dørene opnar 19.00, konsertstart 19.30. Inngong kr 80,-
Aldersgrense er frå ungdomsskulen til 20 år, og arrangementet er sjølvsagt rusfritt!!



Tilbake

Vis


Kva vil du ha meir av på kaihuset til hausten?


(42%) Pølsefestar


(42%) Konsertar


(14%) Turneringar


(0%) Filmsyningar



Antall stemme: 21


Måndagar: 18.00 - 22.00
Onsdagar: 18.30 - 21.00
Torsdagar: 18.00 - 22.00
Crewmøte, husmøte m.m: onsdagar
Øvingsrom: måndagar og torsdagar klokka 17-22 evt. andre dagar etter avtale