JAM på Kaia torsdag 11.desember! Meld deg på til musikkansvarleg Hans Robert Bondhus...

Logg innRegistrer deg  

Nyheiter
Om Kaihuset
Kaiavisa

Bildearkiv
Gjestebok
Kalender
Øvingsromtider

Kontakt oss
Lenker

Logg inn
Registrer deg

Tilfeldige profiler
Fullstendig profilliste
Søk i profiler

Klokka: 17:48
Dato: 01/12/08

Treff: 643938
Unike: 63492
Online: 10
UNGDOMMENS KULTURMØNSTRING 2009 (01/12/08) Prioritert post
Så er det atter tida for kreative barn og ungdom å byrje å tenke på lokalmønstringa for Ungdommens Kulturmønstring. Ein kan delta med til dømes musikk, dans, musikk, teater, film, bilde, skulptur, webdesign, litteratur, foto, stand-up, kunsthandverk og datakunst - berre fantasien set grenser!

I Ørsta har vi hatt mange flotte kulturmønstringar til stor glede for både publikum og deltakarar, og Ungdomsleiaren voner at det blir både mange og varierte innslag å sjå og høyre på Kulturhuset i februar til neste år. Det store mangfaldet av kunst og kultur blant barn og ungdom i Ørsta bør sjølvsagt vere synleg på kulturmønstringa!

Påmelding:
UMK Norge har eit godt påmeldingssystem på Internett, som er enkelt å nytte.
Gå inn på www.ukm.no og klikk ”påmelding”, vel fylke klikk deg fram til Ørsta Kommune.

Påmeldingsfristen er søndag 18.januar 2009, og det vil ikkje vere høve til å melde seg på seinare!!!



Les meir
Desember på Kaia (28/11/08) Prioritert post
Dei tilsette på Kaihuset har gleda av å by ungdommen i Ørsta velkomen til ein aktiv desembermånad.:D :P :D
Det blir juleverkstad tysdag 2 og 9.desember, då får ein høve til å lage stearinlys, personlege julekort, julepynt med meir. Om ein legg litt arbeid i det ein gjer, vil nok resultata gje meir glede enn når ein berre kjøper noko i ein butikk.
Torsdag 4.desember blir det baka pepparkakar og servert kakao med julemusikk og marshmallows i ungdomskafeen
Torsdag 11.desember er det tid for julejam og alle som ønskjer å spele kan gje lyd frå seg til musikkansvarleg Hans Robert Bondhus.
Måndag 8, 15 og 22. desember blir det kurs i såpestøyping i 2.høgda på Kaihuset, og ein får også høve til å lage hudkrem. Kurset er gratis, men ein må melde seg på innan torsdag 4.desember. Det er påmeldingskjema i kiosken på Kaihuset eller ein kan ringje eller sende ein mail til ungdomsleiar.
Vi slutter av 2008 i ungdomskafeen laurdag 20.desember, fyrst med julebord for crewet og så med juleball for alle om kvelden. Vi er så heldege at bandet Skullsplitter tek seg ein tur heim til Sunnmøre til jul. Skullsplitter er: Kristoffer Hareide Garnes på gitar og vokal, Pål Ivar Enge på bass, Svein Elling Dimmen på gitar og Sindre "Grond" Hunnes på trommer og dei imponerte stort på Battle of the Bands på Kaihuset i november 2007. Utover skikkeleg heavy metal som dei brukar å ha på repetoaret sitt, vil dei og spele eit par julesongar for oss på ein litt alternativ måte.
BATTLE OF THE BANDS 2008 (22/11/08) Prioritert post
Vinnar av 1.premien og publikumsprisen (gåvekort på kr. 5.000,- til Lydmakeriet og flightcase frå Rufo blei: "Funky Banana Pop" (Anders Boska, Bendik Mork Folkestad og Emil Rebbestad). Vinnar av 2.premien gåvekort på kr. 1.000,- til Mix blei: "Kofi Anna" (Anna Elise Vadset, Erik Moe, Thomas Vinjevoll og Tore Ørstavik). Vi gratulerar!:D
Og tusen takk til vår framståande fotograf: Marthe Sæbønes! Bileta hennar kan de sjå under Bildearkiv, Battle of the bands 08...
Såpestøyping på KaiHuset i desember (20/11/08) Prioritert post
Ungdomsleiar Aurora Høegh-Omdal vil halde kurs i såpestøyping for ungdom på KaiHuset i desember. Heimelaga såpe kan vere ein fin julegåve til familie og venar og er utroleg kjekt å halde på med. Vi har kjøpt inn rikeleg med duft, fargar og formar, så her er det berre fantasien som set grenser! Det vert også høve til å lage hudkrem for dei som ønskjer det, også det kan vere ein fin gåve å gje til jul.
Tid: måndag 8.desember og måndag 17. desember kl 17-21og måndag 22.desember kl 12-17. Kurset er gratis, men de må melde dykk på til Aurora innan 4.desember, anten på e-post eller på telefon. Kontaktinfo finn du her på heimesida.
Maks antal deltakarar er 18 (6 per kurskveld), men om det er fleire som ønskjer å deltake kan det bli ein kurskveld eller to til på nyåret.
BATTLE OF THE BANDS LAURDAG 22.NOVEMBER PÅ KAIHUSET (13/11/08) Prioritert post
Så er det duka for nok ein omgang med seriøs bandkonkurranse i Ørsta! Slaget skal stå på Kaihuset, og banda skal kjempe om 3 flotte premiar. Kaihuset takkar sponsorane som gjer dette mogleg, då særleg Sparebank1 Volda Ørsta som har gjeve det største bidraget til premiane.
Banda som skal kjempe om publikum og juryen sin gunst kjem i år kjem frå Volda og Ørsta. Om juryen i Battle of the bands 2008 kan vi fortelje at det er svært godt kvalifiserte folk, som er sentrale personar i det lokale musikkmiljøet. Juryen får det tunge ansvaret for å avgjere kven som skal få 1. og 2. premien, medan publikum får lov til å avgjere kven som skal få den siste premien.
Vi oppmodar alle som er interessert i musikk til å ta seg ein tur til Kaihuset denne laurdagskvelden frå kl 19 og fram mot midnatt. Og sjølv om Kaihuset er kjent som Ungdommens hus, vil vi halde ope for alle frå 10 år og opp til 100 år. Det kjem difor ikkje til å vere fritt for foreldre eller søskjen på Kaihuset under dette arrangementet, men rusfri sone skal vi sjølvsagt ha!
Film på Kaihuset 18, november fra kl 19:30 (11/11/08) Prioritert post
Tysdag 18 november kl 19:30 synar filklubben Løvenes konge på kaihuset. Cover 10 kr for de som ikkje er medlem og gratis for dei som alt er medlem

Les meir
Halloween fest Laurdag 1. November (28/10/08) Prioritert post
Laurdag 1. november kl 20-00 vert det skikkeleg Halloweenfest på Kaihuset med vevkjerringar, graskar, skummel musikk, blod, flaggermus og heile pakka. Det vert servert ekkel mat og drikke i kiosken og me har fleire fele konkurransar på programmet. Kåring av beste kostyme skal me sjølvsagt også ha. Så finn fram skremmande kle og sminke og kom til fest på Kaihuset denne kvelden om du tør! Aldersgrense er ungdomsskulen og arrangementet er rusfritt. Billettar kr. 50,-.
Stengd i haustferien (02/10/08) Prioritert post
Kaihuset held stengd i haustferien tysdag 7.oktober og torsdag 9.oktober. Vi skal byggje skiljeveggar mellom pc-ane i internettkafeen og får nye store flatskjermar til pc-ane!
Valg av husstyre på Kaia (16/09/08) Prioritert post
Tysdag 30. september kl 18

er det klart for val av husstyre på kaihuset. Vi treng 5-7 ungdomar som he lyst til å vere med å bestemme kva som skal skje på kaia. Vi held møte omkring 1 gong i månaden. Møt opp, dette blir morosamt:)


Konsert på laurdag (03/09/08) Prioritert post
Kaihuset er stolte av å invitere til konsert med heile 6 lokale band laurdag 6. september kl 20-24.
Banda som skal spele er Circuit of Values, BOC, Burn the Birds, Bread and Circus, Amuse og POFF. C.c kr 50. Aldersgrense frå 8.klasse til 18 år. Arrangementet er sjølvsagt rusfritt!


Les meir
Ny aktivitetsleiar og kafemedarbeidar! (01/08/08) Prioritert post
Jorunn Saure slutta som aktivitetsleiar på Kaihuset sist i mai for å ta til i ny jobb som senterleiar på Østa Torg, og det vert då nye medarbeidarar på huset. Marius Kåresen er tilsett i 40% stilling som aktivitetsleiar, og skal ta til i august. Marius har vore ein del på huset i vår, både som vikar i kafeen og vaktmeisterassistent. Marius er frå Fredrikstad, er utdanna barnevernspedagog, og likar å trene, høyre musikk, sjå film og spele Playstation.
Audhild Brautaset er tilsett i 20% stilling som kafemedarbeidar, og byrja på KaiHuset i mai. Audhild er frå Åmdalen, assistent i Dalane Barnehage, og likar godt å styre med teater, revy og anna galskap.

Les meir
Minnestund for David (01/08/08) Prioritert post
Det vert minnestund for David Mork Folkestad i Hovdebygda i kveld måndag 28.juli klokka 21. Etter minnestunden held Kaihuset ope for dei som vil samlast og vere i lag.

     Side: 1 2 3 4 5 6 7 8 9


Zoom | Nytt | Skjul


Gleder du deg til jul:)?


(6%) Så klart :)


(81%) Ja!


(12%) Nei


(0%) Maybe



Antall stemme: 16


Tysdag: 18.00 - 22.00
Torsdag: 18.00 - 22.00
Arrangement: 20.00 - 24.00
(vanlegvis laurdagar).
Crewmøte, husmøte m.m: onsdagar
Øvingsrom: tysdagar, onsdagar og torsdagar klokka 17-22 evt. andre dagar etter avtale