


Klokka: 13:55
Dato: 08/09/10
Treff: 732558 Unike: 75087 Online: 14 |
 |
|
Ørsta Filmklubb
|
|
 |
|
Hausten 2010 vert det filmklubb igjen. For å sjå film må du vere medlem. Det kostar 50kr , men då er alle film vi syner gratis.
Vedtekter for Ørsta ungdomsfilmklubb:
§1 Namnet er Ørsta ungdomsfilmklubb.
§2 Formålet til filmklubben er å: Fremje interessa for film som kunstart og som opplysnings- og underhaldningsmedium. Bruke film som eit historisk og kulturhistorisk verkemiddel. Bruke film aktivt for å styrkje kulturtilbodet for ungdom i Ørsta og omegn.
§3 Klubben er ei slutta foreining som arrangerer lukka filmvisningar for medlemar. Fast samarbeidspartner er Kaihuset.
§4 Medlemskontingenten vert fastsett av styret. Medlemskorta er strengt personlege. Aldersgrense for medlemskap er Ungdomsskulen.
§5 Styret har 5 medlemmar pluss ungdomsleiaren i Ørsta kommune, totalt 6 medlemar.
§6 Klubben si verksemd er ideel og har ikkje næring som formål. Klubben sine midler skal berre brukast i samsvar med dei formål som er nemnde i §2. Klubben sine styremedlemar skal arbeide vederlagsfritt. Eit eventuelt overskot skal gå til fremjinga av klubben sitt formål.
§7 Framlegg til endringar i vedtektene kan leggjast fram på styremøte. Endringar i vedtektene er gyldige dersom styret vedtek endringane med 2/3 fleirtal på møtet.
§8 Filmklubben kan berre oppløysast dersom saka har blitt handsama og vedteken med 2/3 fleirtal på tre etterfølgjande styremøte. Ørsta, 27.08.02. |
|





Måndagar: 18.00 - 22.00
Onsdagar: 18.30 - 21.00
Torsdagar: 18.00 - 22.00
Crewmøte, husmøte m.m: onsdagar
Øvingsrom: måndagar og torsdagar klokka 17-22 evt. andre dagar etter avtale
|
 |