


Klokka: 07:27
Dato: 06/02/12
Treff: 818840 Unike: 82309 Online: 7 |
 |
|
Om Kaihuset
|
|
 |
|
KaiHuset, ungdommens hus i Ørsta, opna hausten 1999.
Huset er eit allaktivitetshus for ungdom mellom 13 og 18 år, og er på 1200 m², der 490 m² i fyrste høgda går til "reine" ungdomstilbod som: kiosk, internettkafe, scene for konsertar, diskotek (som vi no held på og byggje om til eit eige rom der ungdommen kan sjå film o.a. – då interessa for å danse har vore minimal dei siste åra), kafé, biljard. Det er 2 øvingsrom for band og musikkstudio, også i fyrste høgda, og der er det mogleg og spele instrument utan at naboen klagar på bråk!
I 2. høgda finn ein hobbyrom og kontor for dagleg leiar, musikkansvarleg og aktivitetsleiar. I tillegg er det eit sosialt samlings punkt med sofa og minikjøkken.
I 3. høgda held kulturskulen til som har musikk, kunst og dramatilbod.
Det er og eit mindre skateanlegg utanfor Kaihuset som blir mykje brukt, og våren 2010 blir det utvida med ein ny ramp.
KaiHuset blir drive av Ørsta kommune. KaiHuset si primære målsetting er å leggje til rette for aktiv ungdom som basis for drifta - det vil seie at KaiHuset tilbyr ein plass der ungdom kan vere kreative og aktive om dei ønskjer det, men i like stor grad er KaiHuset ein møteplass for ungdom der dei både kan vere i lag med kvarandre og samtidig har moglegheit for å snakke med vaksne om store og små ting i livet.
KaiHuset er til for ungdom! Det vil seie at vi har som målsetting å skape rammar for at ungdom skal kunne trivast og utfalde seg på huset, på ein måte som passar for dei.
Noko vi meiner er viktig å syte for er at KaiHuset skal vere ope for all ungdom mellom 13-18 år og det er difor gratis å vere på huset med unntak av særlege arrangement som konsertar o.a. slik at det ikkje er ungdom som blir utestengd grunna t.d. vanskeleg økonomi. Det er også universell utforming på lokala slik at ungdom med særlege behov får høve til å ta seg inn og vere på huset.
Øvingsromma er ope måndagar og torsdagar frå klokka 17-22. Det kostar kr. 300 per person å få ein øvingstid på 2.5 time ein dag i veka for våren 2010, årsaka til at dette kostar pengar er at vi har store utgifter til utstyr og ikkje har rom i budsjettet for det utan ein viss brukerbetaling. Ein skal vende seg til musikkansvarleg om ein ønskjer å leige øvingsrom. Det er og moglegheit for å innspele cd på Kaihuset. Ta kontakt til musikkansvarleg om det.
Filmklubben som vi driv om onsdagane har krav om medlemskap (50 kr. i halvåret) – men dette er eit krav for at vi skal kunne drive filmklubb i regi av Norsk Filmklubbforbund.
Mykje av drifta baserer seg på at ungdommen skal ha evne og vilje til å ta ansvar for eigne tilbod, blant anna gjennom å jobbe som crew i kafeen med drift av kiosken, musikk og arrangement. KaiHuset har eige husstyre som består av ungdom frå crewet og dei tilsette – her blir forslag, spørsmål og problemstillingar frå ungdommen som bruker huset og dei tilsette handsama.
Kaihuset held ope tysdagar og torsdagar frå kl 18:00 til 22:00, og onsdagar frå kl 18:30 til 21:00. I tillegg er det ope enkelte laurdagar eller andre dagar ved særskilte arrangement.
Aldersgrense er vanlegvis 8.klasse. KaiHuset er sjølvsagt eit rus, røyk og snusfritt sted, og vi har ein nulltoleransepolitikk på desse områda. Det vil seie utvisning!
Det er tilsett ein aktivitetsleiar i 40 % stilling på huset, ein kafemedarbeidar i 20 % stilling og ein musikkansvarleg i 40 % stilling. I tillegg er det ungdomsleiaren som har om lag 70 % stilling som dagleg leiar av Kaihuset. Ungdomsleiaren har ansvar for den daglege drifta av huset, budsjett, innkjøp og administrativt arbeid.
GRUNNLEGGJANDE MÅLSETJINGAR FOR KAIHUSET:
”Kaihuset si primære målsetjing er å leggje til rette for aktiv ungdom i alderen 13-18 år som basis for drifta - det vil seie at Kaihuset tilbyr ein plass der ungdom kan møtast og vere kreative og aktive om dei ynskjer det. Mykje av drifta baserer seg på at ungdommen skal ha evne og vilje til å ta ansvar for eigne tilbod, blant anna gjennom å jobbe som crew i kiosken, dj-buda, billettsal, m.m. Kaihuset har og som målsetjing at ungdommar som er medlem i husstyret/crewet skal deltake aktivt i planlegging, førebuing og utøving av særskilte arrangement som Halloween, crewmiddagar, nattope, temakveldar, Battle of the Band osb.”
”Kaihuset har som målsetjing å arrangere særlege arrangement for crewet, mellom anna 2 årlege crewmiddagar. Ungdomskafeen skal og halde ope berre for crew minimum ein gong i månaden.”
”Kaihuset har som målsetjing å halde nattope natt til første mai som eit rusførebyggjande tiltak”.
”Kaihuset har som målsetjing å tilbode 4 konserter i året med band av nasjonal storleik slik at Kaihuset kan framstå som ein god konsertarena for ungdom under 18 år”
For at dette skal vere mogleg må Kaihuset få ein auke i driftsbudsjettet på minimum kr 30.000 i 2010 og i åra framover.
”Kaihuset har som målsetjing å halde ein årleg musikkonkurranse for band (BOB) som skal tiltrekke musikarar både lokalt og frå andre kommunar i fylket.”
”Kaihuset skal ha nulltoleranse i høve rus, mobbing og rasisme”
Målsetjingar for skuleåret 2010/2011:
”Kaihuset skal halde kurs i naturkosmetikk/såpeverkstad for ungdom i alderen 13-18 år” Tid hausten 2010 og våren 2011
”Kaihuset skal arrangere Battle of the Bands - ein årleg musikkonkurranse for band (BOB) som skal tiltrekke musikarar både lokalt og frå andre kommunar i fylket.” Tid: hausten 2010
”Kaihuset har som målsetjing å halde mellom 2-4 årlege jamkveldar, samt gje høve for lokale band til å spele for publikum på Kaihuset minimum 2 gonger i året.”
”Kaihuset har som målsetjing å tilbode 4 konserter i året med band av nasjonal storleik slik at Kaihuset kan framstå som ein god konsertarena for ungdom under 18 år om budsjettet gjer det mogleg”
”Kaihuset har som målsetjing å tilbode gode øvingsrom for ungdom i målgruppa og studio til bruk for lydinnspeling. Kaihuset har som ambisjon å tilbode all ungdom i målgruppa som ynskjer det, fast tid i øvingsromma og moglegheit for lydinnspeling”.
”Kaihuset skal arrangere særlege arrangement for crewet, mellom anna 2 årlege crewmiddagar.
”Kaihuset har som målsetjing å halde nattope natt til første mai som eit rusførebyggjande tiltak”. Tid: våren 2010
”Kaihuset har som målsetjing å halde filmklubb kvar onsdag i perioden 8.september til 8.desember 2010".
|
|





Måndagar: 18.00 - 22.00
Torsdagar: 18.00 - 22.00
Øvingsrom: måndagar og torsdagar klokka 17-22 evt. andre dagar etter avtale
|
 |