


Klokka: 14:39
Dato: 04/07/09
Treff: 677462 Unike: 67937 Online: 5 |
 |
| Sommarferie |
(15/06/09) |
 |
|
Så er det tid for ferie igjen og vi ynskjer alle ungdommane som brukar Kaihuset ein riktig god sommar og velkomen til nye og gamle brukarar til hausten. Fyrste opningskveld er torsdag 20.august. Hugs også at vi skal i gang med revy til hausten. Er du interessert i å vere med, så ta kontakt til ungdomsleiar Aurora
|
| Vil du bli med på revy? |
(15/05/09) |
 |
|
I november 2009 feirar Kaihuset 10år. Jubileumet vil bli markert med eit heidundrandes kallas i veke 46 (9 – 15 november), med arrangement som til dømes ”Battle of the Bands.
Arbeidet med revyen vil starte opp i august, og halde på fram til jubileumsveka.
Til denne revyen treng me skodespelarar, revysketsj-skribentar, dansarar, kostyme- og kulissefolk, scenearbeidarar og sufflør/suffløse. Dersom du har eit ynskje om å delta, kan du sende SMS eller email til aktivitetsleiar Øystein Skattebu på Kaihuset innan 27.mai. Legg ved namn, adresse, samt kva du ynskje å delta med.
Dette skal bli knakande kjekt!
Les meir
|
| Beach Party!!! |
(11/05/09) |
 |
|
Laurdag 23.mai kl 20-00 skrur vi opp varmen på Kaihuset og drøymer oss bort til krittkvite strender, bølgeskvulp, sol og eksotisk sommar Har du enno ikkje leita fram bikinien, badebuksa og solbrillene er det på tide å gjere det no! Muligheita er open for limbodansing, tropiske smoothies og god mat, og på slutten av kvelden vil vi kåre beste lettkledde gut og jente. Her vil det bli servert heitebølgjer av gode sommarlåtar, så temperaturen er ikkje noko å tenkje på. Finn fram hawaiiskjorta, sandalane og bastskjørtet og ta turen til kaihuset for ein forsmak på sommaren. NB! Hugs høg solfaktor for her blir det heitt!
|
| Arrangement for 7. og 8.klasse laurdag 9.mai kl 19-23 |
(29/04/09) |
 |
|
Verstskap for kvelden er ungdommar frå 8.klasse på Ørsta Ungdomsskule og eldre crew på huset.
Dei har satt saman ein underhaldande kveld med quiz, biljard, twister, guitar hero/band in a box, og kanskje blir det også til ein minikonsert med eit ungt band (dei går på ungdomsskulen). De kan også få sjå øvingsrom/ studio og aktivitetsrom på 2.høgda på huset.
Ungdom frå 8.klassane er og velkomne denne kvelden, medan huset er stengd for eldre ungdom. Billettar til arrangementet kostar kr. 30,- og dette er sjølvsagt eit rusfritt arrangement.
|
| 80-tals party på Kaihuset! |
(20/04/09) |
 |
|
Kreppa hår, rosa glitter, neonfargar, tynne slips, hockeysveis, tights, kvite dressar, pels, store smykke, store briller, stripete genserar og permanent! Kva er det? Melodi Grand Prix 1982?
Ja riktig, og så er det dessutan stilen på Kaihuset no på laudag 25.april frå klokka 20 til midnatt. Denne laurdagen blir ein sann 80-tals kveld, med musikk, mat, kostymer og aktivitetar typiske for puddelrockens tiår. Det vil bli halde quiz, samt kåring av kveldens beste kostyme. Me oppfordrar ungdommen som tek turen til å grave i mor og far sine klesskåp i jakt på dei rette kleda. Dei som har kostyme vil og få rimeligare inngang (kr 50/60,-) Aldersgrense: ungdomsskulen. Arrangementet er sjølvsagt rusfritt.
OBS: vi reknar med å leggje mange fine (morosame) bilete opp på heimesida
etter festen.... 
|
| KONSERT PÅ KAIA |
(20/04/09) |
 |
|
Torsdag 23.april blir det konsert med Sting Ray og Amuse kl 19-22. Det er gratis inngang, så det er ingen grunn til å sitje heime denne kvelden - for dette er meir enn skikkeleg bra rock!!
|
| NATTOPE NATT TIL 1.MAI |
(30/03/09) |
 |
|
Det blir nattope på KaiHuset igjen: frå torsdag 30.april KL 20:00 til fredag 1. mai KL 08:00. Aktivitetar: film, playstationspel, internettkafe og biljard - og litt dans om det er stemning for disko i løpet av natta. Det vert tilbod om nattmat og frukost til alle som vil ha. Ein skal ikkje rekne med mykje søvn denne natta, men ein kan godt ta med ein sovepose om ein har lyst til det.
Påmeldingskjema i kiosken på KaiHuset. Siste frist for å levere svarslipp og betale for arrangementet er torsdag 23.april.
Les meir
|
| JAM på Kaia |
(17/03/09) |
 |
|
So er det endeleg tid for Jam igjen: måndag 23.mars! Interesserte band kan ta kontakt til musikkansvarleg Hans Robert Bondhus
|
| filmkveld crazy/beautiful |
(16/03/09) |
 |
|
Ørsta Ungdomsfilmklubb syner filmen Crazy/beautiful torsdag 26.mars kl 19.30. Filmen er ein moderne Romeo og Julie historie. Medlemskap i filmklubben kostar kr. 10 for våren 09, medan filmsyningar er gratis for medlemmar.
Les meir
|
| ukm - lokalmønstringa i Ørsta |
(25/02/09) |
 |
|
Fyljande deltakarar frå Ørsta går vidare til fylkesmønstringa i Åndalsnes 27-29 mars
Anna Elise Vadset (16), Henrik Sandstad Dalen (16), Lena Brune (14), Sondre Masdal (16) og Miriam Korsfur (15). Gratulerar!!! Amuse går også vidare, då ein av dei andre deltakarane melde avbod: Amuse er: Henrik Blichfeldt (16), Mathias Blichfeldt (18) , Thomas Vinjevoll (17) og Tore Aarseth Ørstavik (16). 
Les meir
|
| STENGD I VINTERFERIEN OG 2.MARS |
(18/02/09) |
 |
|
Kaihuset held stengd i vinterferien og måndag 2.mars. Velkomen tilbake torsdag 5.mars
P.s God ferie
|
| Valentine ball på Kaihuset laurdag 14.februar kl 20-00 |
(10/02/09) |
 |
|
På laurdag må alle romantikarar ta turen til Kaihuset, for her er det duka for en heilromantisk aften med kjærleik i lufta! 
Kaihuset vert denne kvelden forvandla til eit rosa luftslott der det er stor fare for at nett DU vert råka av Amors pil!
Det vert høve til å lage kort til ein du har kjær eller kanskje føler du meir for å gje din hjartans utkåra ei rosa kreppapir-rose som du sjøl har laga med flid og omtanke?
I kiosken vert det sal av tradisjonsrike Kaihusrettar som denne kvelden vil få ein romantisk vri!
Selskaps-leikar høyrer sjølvsagt også med på ein slik aften og det vil verte kåring av årets ”valentinepar” … alt premiert med premiar i høve til kveldens tema.
So no er det berre å blåse støvet av danseskoa, leite fram sjekketriksa og møte opp på Kaihuset laurdag. Kanskje ventar nokon på akkurat DEG…
|
 Side: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11
|





Måndagar: 18.00 - 22.00
Torsdagar: 18.00 - 22.00
Arrangement: 20.00 - 24.00
(vanlegvis laurdagar).
Crewmøte, husmøte m.m: onsdagar
Øvingsrom: måndagar og torsdagar klokka 17-22 evt. andre dagar etter avtale |
 |